Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Konfirmasjonsdatoar og Påmelding


Invitasjon til konfirmantundervisning 2026/2027

 

Dette brevet går til alle i Vik kommune som er fødd i  2012 og som er døypt i Den norske kyrkja.  

Me på kyrkjekontoret er i gang med planlegging av konfirmasjons-førebuinga til hausten. Det viktigaste no er at alle som ynskjer å konfirmera seg melder seg på elektronisk på vår heimeside www.vik.kyrkja.no under kyrkjelege handlingar og konfirmasjon. Her fyller de ut nyttige opplysningar som me treng for vidare informasjon til dykk.

PÅMELDINGSFRIST ER 10. AUGUST 2026

Etter påmeldingane er kome inn, vil de verta invitert til informasjonsmøte for konfirmantar og føresette. Slikt møte vil finne stad etter skulestart. Invitasjon  vert sendt ut i veke 33.

Dersom de kjenner  nokon som ynskjer å vere med på undervisninga, sjølv om dei ikkje er døypte i Den norske kyrkja, så må de gjerne invitere dei med.

 

Sokn 2026 2027 2028 2029 2030
Vik 30. mai kl 11.00  8.mai kl 11.00 22.mai kl 11.00

6. mai kl 11.00

27.mai kl 11.00

5. mai kl 11.00

26.mai kl 11.00

4. mai kl 11.00

25.mai kl 11.00

Vangsnes 2. mai kl 11.00 22.mai kl. 14.00 27.mai kl 14.00 26.mai kl 14.00 25.mai kl 14.00
Arnafjord   8. mai kl 14.00 6. mai kl  14.00
5. mai kl  14.00
4. mai kl  14.00
Fresvik   15. mai kl 14.00 13. mai kl 11.00 12. mai kl 11.00 11. mai kl 11.00
Feios 9. mai kl 11.00 15. mai kl 11.00 13. mai kl 14.00 12. mai kl 14.00 11. mai kl 14.00

Me tar forbehold om at dato og tidspunkt kan endrast dersom konfirmant-kullets størrelse tilseier

 Påmelding her: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=c3e1da19-1863-47d3-9c0a-ffb3e804b4d4

Tilbake